Produsent med tradisjonar
Valldal safteri har lange tradisjonar i Valldal og Norddal kommune. Bedrifta vart stifta i 1919 som Norsk Bærindustri og har produsert saft og syltetøy av lokale råvarer.
Bønder og hageeigarar i Valldal og bygdene rundt leverer mykje frukt og bær gjennom sommar- og haustmånadene.
Ein del frukt og bær blir pressa til frisk saft, som anten kan drikkast som ho er, eller sukrast og kokast. Oppskriftene er tradisjonsrike og velprøvde, så smaken av heimelaga syltetøy er sikra!
Samtidig arbeider vi heile tida med å utvikle nye produkt med spennande smakar og mindre sukker.
Du finn butikken i Gamle Syltegata, bak kyrkja i Valldal sentrum.
Frukt og bær frå Valldal
Saft og syltetøy er laga av frukt og bær dyrka på gardane i området. Norddal er ein landbrukskommune med rike tradisjonar for å dyrke frukt og bær. Her ligg grenda Linge vakkert ned mot fjorden – ingen stad i verda blir det drive profesjonell fruktdyrking så langt nord, og eple, plomme og kirsebær frå Linge finn du i produkta våre.
I Valldal er det dyrka jordbær i over 100 år, og bygda er ein av dei viktigaste produsentane av jordbær til konservesindustrien i Noreg. Over 50 prosent av bæra som går til syltetøy og andre forbrukarprodukt, kjem frå Valldal.
Du finn sjølvsagt kvalitetsjordbær frå Valldal i produkta våre, og den gode bringebæra kjem frå Valldal og bygdene rundt. Rips og solbær kjem frå hagane i kommunen, medan blåbæra er plukka i skogar og utmark.